fredag 21. januar 2011

Katteklor og rosina i pølsa

Forelsking: Katteklor og rosina i pølsa
Essay skrevet av Maren Kleppen

Av alle de rare ting naturen har produsert, er ikkje menneske
noko unnatak. Vi blir fasinert av tidlause mysterium som sjel, livets opphav og meining. Er det eit liv etter døden? Men få ting har skapt så mykje glede og tragedie som forelskinga, og kjerleiken.


Om ein skulle ramse opp alle vegane ein kunne gå for å nå eit anna menneske, hadde ein blitt sittande fram til Pangea var ein realitet igjen.  Og mest sannsyneleg hadde ein måtte starte ei ny liste med alle vegane som hadde kome i mellomtida. Ikkje bare er dei mange, men korleis skulle ein kategorisere dei? Alfabetisk, eller etter størrelse? Kanskje etter kor stor innverknad dei hadde på dei menneska handlinga var retta mot. Eller alle andre som har vore vitne til desse udødelege eller unoterte handlingane. Bare tenk på kva som har blitt gjort i oppmerksemdas namn! Dei største målarane har laga bilete ein kan finna i museum over hele verda. Kven hadde Picasso i tankane da han måla ”Den blå Kvinna”?
Skodespel har blitt skrivne og kjerleiksscenar har blitt ikoniske for hele epokar. Dialogen mellom Romeo og Julie ved balkongen er framført av mangt eit skodespelarensemble. Mughal keisaren Shah Jahan bygde for ca 450 år sia eit gravkammer for si andre kone. Etter å ha dødd i barselseng med det 14. barnet deira, let han 20 000 arbeidarar jobbe i 22 år for å stille det ferdig. Kanskje namnet Taj Mahal ringer ei bjølle?

Om ein observerer 5 år gamle barn i leik, kan ein sjå forelsking og knising. Vil ein oppleve ofringar av yndlingsspaden i sandkassa, eller favorittbamsen i sovetimen? Mest sannsyneleg ikkje. Ein vil sjå lugging, spark, klor og erting. Ein gut vil stikke fingeren hardt i ryggen på ei jente, kvine av fryd og setje av stad i motsatt retning. Jenta vil gje han oppmerksemd med rop og slag. Om ho tar hendinga godt nok innpå seg, får han kanskje høyre nokre glosar av det stadig utvida ordforrådet hennar. Men alle veit ho vil kviskre om han til venane sine seinare.

5 år har gått, og ein er 10 år. I staden for å rope og slå etter kvarandre, kviskras det lavt inn i øret på bestevenninnene. Det er raude kinn, sveitte hender, flakkande blikk og stotrande stemmer.

– Det kribler litt i magen, og så blir man varm, og når man ser personen, blir man ekstra glad! Men det kan være helt forferdelig også. Du tenker at denne personen liker ikke meg, og du tør jo ikke si det til ham. Da går man rundt med en klump i magen og har lyst å si det, men får det ikke til.   (Maria og Aurora B. Rodal (snart 11)).

Den endringa som har funnet sted over desse 5 åra er kanskje ein av dei mest drastiske i den sosiale utviklinga som menneske. Ein går ifrå å tenkje ”kva betyr denne personen for meg” til å tenkje ”kva betyr eg for denne personen”. Sjølvbevisstheta øykar raskt i takt med tenåra. Ein endrar korleis en kler seg, uttalar seg, kven ein omgås, og generelt kven ein utgjer seg for å vere. Det blir viktig å imponere, eller bare gjere eit inntrykk. Ikkje at dette argumentet tvilast på i første omgang, men om ein søker på ”kva skal eg gjere for at han/ho skal like meg”, får ein rundt 3 100 000 resultat på eit tredjedels sekund. ”What would Google do”. Er denne aukande frykta for avslag grunna til den store oppgangen i nettdating? For klart  må det vere vanskeleg å ikkje kunne fortelje den du elskar kven du er og kva du føler. Nokre gonger kan ein bli satt heilt ut av sine eigne kjensler, kva gjer en da? 

Andre gonger er det lekande lett. Det er fryd og gammen, dans på roser, rosina i pølsa og brudeferd i Hardanger. Ein finner ein man klikkar heilt med, blir øyr i hovde. Litt dust, som dei seier i ”Ikke Naken”. Men da er herleg å vere dust. Ein går med hjartet utanpå kroppen, og hjernen har nok reist den og. Ein kjenner seg som keisaren som trur han spradar i finstasen; bare tida vil vise om ein er kledd eller ei. I slike situasjonar er det lett å hengje seg til litt svulstige ordelag. Ein kan bli talande som Wergeland, be heile verda leggje ei byrde på brystet, så det ikkje sprengjar av lykke.

Nokre ville trengt klisjear for å kunne gje uttrykk for kva dei føler. Ein klisjé blir ofte definert som eit negativt lada ord. Men det einaste det faktisk er, er eit forsliti uttrykk brukt av så mange, at det nester er ein parodi på seg sjølv. Fordi det er gamalt. Det må jo vere noko i det, må det ikkje? Om det er brukt av folk i så lang tid, er det ikkje noko sanning i det? Det kan vel ikkje vere så galt å bruke eit gamalt uttrykk om ein gamal kjensle. Heile dette essayet er jo ikkje anna enn ein stor klisjé, funderande på eit gamalt spørsmål.

”Så blir dei ståande, disse tre: Tro, håp og kjærleik. Men størst blant dei er kjærleiken”

Til og med verdas mest solte litterære verk, Bibelen, forkynner dette. Og om ein har fått denne største av alle ting, vil man ikkje rope det ut til alle og ein kvar? Men korleis skal ein uttrykka seg om store kjensle, om ikkje med store ord? Kanskje klarer ein  det ikkje i det hele tatt, og blir inneslutta og ulykkeleg. Kanskje må ein vise det, og blir hoppande på eit bein til Drammen eller byggande eit meisterverk til ære for din utkåra. Kanskje blir må ein ta andres ord i munn, og bruke deira uttrykk for sin kjerleik. Kanskje passar ikkje anna enn verdas kjente klisjear for å sette fingeren på det ein vil ha sagt.

Kanskje ein ikkje finn svaret på dette sjølv når Pangea igjen er ein realitet.

Det var alt jeg orket lire ut av meg for denne gang. Copyright@maarns.blogspot.com ...!

2 kommentarer:

  1. God tekst:-) Eneste downer er nynorsken of course, men skole er skole, må man så må man.

    Innlegget trigget foresten "debatt-instinktet" mitt, jeg har også tenkt på dette med følelser selv om min tekst sporer av mye mer enn din, titt innom en gang^^

    SvarSlett
  2. Jeg har lest tekstene dine for lenge siden engang. Det er ikke dumt hva du skriver, men litt enklere å følge med om du lager en disposisjon, kanskje? Nynorsken.. ja

    SvarSlett